Kunstvandringa på Voss gir deg:
Mange maleglade vossinger i alle aldrar har ønskt seg ein maleklubb i bygda.
Kunstvandringa på Voss kjem her med ei gåve til bygda av det slaget som fremmar skaparevna og kreativiteten!
Ein måndag i månaden møtest alle som liker å måla til MÅLEKAFE!
og samstundes vera litt sosiale, til treff i underetasjen, Uttrågata 19 klokka 19. Altså: Måndagar kl. 19 i 19
Me startar måndag 13. januar.
Uansett alder, bakgrunn, ung som gammal, kom og kos dekan med teikning, måling og bli inspirert av kvarandre.
Ikkje noko møteplikt. Inga medlemsavgift eller styre. Berre triveleg.
Me lagar arrangement på Facebook der me kan dela og halde litt styr på oss, og me har ei offentleg gruppe der alle kan prate og legge ut det dei gjer og informasjon vert lagt ut:
https://www.facebook.com/groups/offentligkunstvandringvoss/
_________________________________________________________________________
Praktisk:
Betalinga er kroner 50,- per gong som går til husleiga og kaffi. Ta med kopp!
Og teikne og målesaker, papir eller lerret. Og du treng slett ikkje vere flink og erfaren.
Dette lyt me laga til sjølve og sjå kva me får til. Berre kom!
Saman ryddar vi opp etter oss.
________________________________________________________________________
Kunstvandringa Voss har lokale i Uttrågata 19 (attmed drosjebilane) og me har omlag 25 stolar, fleire bord, og papirdukar.
Send gjerne ein e-post til: vossapaletten@kunstvandringvoss.com
eller meld di interessa på vår Facebook sida https://www.facebook.com/kunstvandringvoss/
så me veit om det er interesse!
Kjem du?
Håpar det. Vi gler oss!
Helsing
Kunstvandringa på Voss