Kari Anne Lid Veka

MEDLEM NR: 18

Kari Anne Lid Veka

Ho har strikka so lenge ho kan hugsa.


Med ein jobb der ho er ei veke på vakt heile døgeret, har ho to veker fri. I frivekene har Kari-Anne Lid Veka ikkje lege på sofaen. Ho har strikka i eitt sett. Etter at ho stifta verksemda Vossaskadle i 2012, har etterspurnaden teke av.
– No ser det veldig ljost ut. Eg har stor tru på at stadig fleire vil ha heimestrikka plagg, seier Kari-Anne Lid Veka.

 

Frå bustaden sin i Gullfjordungsvegen har ho strålande
utsyn ned til Vangsvatnet og vakre Voss. Ho har nett
starta med to veker fri, etter at ho har arbeidd ei veke
i sokalla medlevar-turnus. Ho er utdanna hjelpepleiar
og jobbar som miljøterapeut på Styve Gård på Minde i
Bergen, der ho bur i lag med fire ungdomar med særskilde
vanskar og trong for individuell oppfylgjing. Då
er ho på vakt heile døgeret. 24 timar. Dei fleste ville nok
pusta ut, tatt seg heilt fri i den perioden dei har fri. Men
Kari-Anne Lid Veka strikkar, som ho har gjort heile
livet. Mor hennar strikka for både Husfliden og Dale
Fabrikker. Etter kvart fekk fleire lyst på produkt frå Kari-
Anne og ho byrja å strikka plagg på oppdrag frå vener og
kjende.

 

Kari Anne starta verksemda i 2012 etter stor privat pågang
– Etterspurnaden auka so mykje at eg måtte få arbeidet
organisert i ordna former. I 2012 etablerte eg eit einskildpersonføretak og starta opp ei facebook-side, der
kundane kunne tinga strikkeprodukt.

 

 

 

 

 

Dei siste åra har etterspurnaden auka meir og meir, og eg ser ljost på framtida.

 

Eg lagar ulike heimastrikka og hekla huer, skjerf, sjal, vottar, tøfler og så bortetter, alt det som kundane vil ha.

Alle produkt bør ha handvask. Eg kan strikka i ulike storleikar og endra fargar og detaljar på modellane, om kundane ynskjer det. Alle ull-huer er med fleecefôr, slik at dei ikkje klør, seier Kari-Anne.

 

 

 

 

 

 


HVOR FINNER DU MEG:  (fyll ut)

  • Jeg har eget stabbursutsalg ved inngangen til Dyrvedalen og du kan komme etter avtale.
  • Jeg tar oppdrag innenfor (skriv hva du kan tilby: foto, illustrasjon, maling osv osv osv)
  • Jeg har bilder til leie gjennom Kunstvandringa (Ja eller Nei)
  • Jeg har egen nettbutikk på http:// (skriv inn adressa, marker den og trykk på linksymbolet oppe)
  • Jeg er med i 19, Kunstvandringa sitt galleri og butikk

Mitt galleri:   Du kan sette inn masse bilder

 


Mine nettadresser: Slett de du ikke har
Hjemmeside SKRIV INN Mailadresse
Facebook Snapchat
Instagram Twitter
Pinterest Linked in