Påske SprettOpp i Tidsklemma, kva er det?

Brått står påsken for døra og det klirrar i strikkepinnar, glaskuler ruller, malinga skvett. Det vert henta fram frå lager og nylaga ting vert prisa.

Like vist som jula er der kvart år, er påsken like vis.
Alle har vist om SprettOpp denne veka, men det er ikkje til å unngå at det er hektisk aktivitet no når opninga nærmar seg. Det som verkar som eit hav av tid, vart brått til berre nokre dagar.
Det er vel ein kjent faktor at ein ofte kan ynskje seg fleire timar i døgnet. Det var så mykje meir ein skulle ha fått laga, men akk, sjølv eit kreativ medlem i Kunstvandringa, må gje tapt, og idear notert i friske tonar på notat til neste inspirasjon.
Men gled Dykk, med auka tempo, turboknappen inne, så er det ein fargerik og blomstrande Sprett Opp som vert klar.
01Trollsmeden fyke rundt i heile fylket og jammen er ho innom nabofylket Sogn og. Medan me andre søv, set ho å griller perler og ordnar med webside, Fb-side og andre ting som trengst å fiksast. Ser du nokon som stablar stein i elvekanten, så kan du vera sikker på at det er ho.

Og forundrande meg, jammen finn du ho i bjørkekvisteskogen og.

paske19

 

Kva den skapelsen vert til, kan du få sjå i påsken på 19.

 

 
I nabobygda Ulvik, er det full fyr i glasovnen til Syse glas, Lungekapasiteten er testa og godkjent full fart i blåsing av vakkert glas med Hardanger motiv, gravert inn. Både skåler, glas og lampekuppel. Kikk innom 19, så får du sjå kva Silje har sveitta og blåst. 02

Vel det er ingen påske utan kyllingar, kvar sa du? Jo på 19, der er dei nyklekte i glas, laga både på utpust og innpust.
Direkte frå Ulvik til Voss:

 

Høyre du strikkepinnane klirre, eller er det heklenåla som svisjer?
Om du lurer på kvar den lyden kjem frå, så er den «frao» Voss, du.
VossaSkadlen er i farta, og fargeskalaen i garnhaugen er stor.
03

Med og utan dusk, panneband og huer, spesialbestillingar tek ho og, om du og gjengen skal på tur. Kva er den beste måten å finna att ein akterutseilt ven på tur?

Med like skaddlar, så lyser ein veg til mål og gjensyn.

Nasjonalromatikken kan bløme, og påsken kan du gå trykt i møte med hue frå VossaSkadle.

04

På Opkvitne set ei å spøte, malar og syr. Hektisk innspurt med lange sokkar til påske, oppbevaringsposar til bunadskjorter. Mikser på foto, og får spent opp. Ser på maleri som ikkje er spent opp på blindramme, og skjønar at tida vart for knapp.

Men brått kom ho jo på at gladfargar på oppspent maleri, allereie var klare.

 

 

 

Pulsen gjekk ned og konsentrasjon starta å fungere
Symaskina surrar, medan malepenselen,
har hatt kvile.

06

Hjå andre har malekosten svirra, pastellkritta, nesten smelta, men vakre natur bilde frå Hardanger og Voss er trylla fram.

Både på Evanger og på Vangen har paletten vore i bruk,

 

05

Norsk natur tek aldri slutt.

 

Vandra du i bygde, og plutseleg høyrer kvinande lyder?

 

Det var beint slik, at ein nesten skulle hatt med høyrselsvern, på tur?

Kva er no dette for lyd og bråk? Men brått, så skjøna du det. Her vert det dreia i mangt eit tre. Mobiliseringsfaren kan avlysast, men vernebriller må på. 07

For flisene fyk når Hernesen skrur dreiebenken på. Skåler, vasar, lysestakar vert forma, med trena hand.
Pussa og lakka, står dei og skin, nyskapt frå naturen til pryd.

 

Tidsklemmer eller ikkje, kreativiteten er stor blant medlemane. Mykje dugnad har vore gjort. Tidsfristar for søknader, prosjekt som skal vera klar til søknader. Ja, det er ikkje utan grunn, at ein av og til ynskjer å utvide døgnet med nokre timar.
Vel det verste er over og pågangsmotet stort, så då står det berre att å ynskje alle ei:

God Påske og VELKOMEN TIL
paske19

                      Skrevet av May Britt Øydvin:  Mayas Art, Kreativ maling

HINT: Me opnar torsdag førstkommande kl. 11.00 SprettOpp BUTIKK denne gongen.

paskeplakat-nettversjon

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *