Påske Sprett Opp …. i

paske19

Knips, knips, Knips.. Med og utan blits, som kan blende både folk og dyr. Det er Vera som er ute og fangar blinkskot av både to og firbeinte. Nokre av blinkskota er blitt til barnebøker og med sal på over 100.000 så er det mange heimar og glade barnehender som har kikka i dei.

bl1

Gleda er at Vera er med på SprettOpp i 19 no i påsken. Der har ho rigga seg med mange flott foto i rammer for sal. Gled deg, i påsken har ho knakande godt tilbod på foto i rammer.

Og sjølvsagt er barnebøkene der og for sal og.

Kikkar du innom på torsdag og søndag no i palmehelga, då kan du møte Vera der.

Det er ikkje berre i Ulvik det vert blåse på inn og utpust.

I Aurland er det full fyr i omnen til Merete. Med trena hand, sveitte panne, skaper ho vakre ting i glas. Noko av det ho lagar finn du på 19.

Sitat:

Vissheten om at glass er mitt materiale til skapende arbeid, er min drivkraft»

bl2

« Verda er vid, men Voss er vidare..»

Austan for fjella og bortanfor vannskille, bur det ei vossataus.

Det er fargerikt på paletten til Grete og. På fredag kjem ho til Voss og har med seg maleri som du kan sjå på 19.

Kven ho er? Tja.. då må du ta turen innom på Palmelaurdag.

Då kan du sjå ho, «laiv»

bl3

Sprett Opp, er strigla og klar til opning.

Med og utan tidsklemmer, sveittebrot og hjernetåke,

så ynskjer alle vi ii 19 deg velkomen innom, og du skal ikkje sjå vekk ifrå at det kan vanke ein kaffitår og.

bl5

Skrevet av May Britt Øydvin

__________________________________________

Opningstider ser du på plakaten under. Og du, ikkje gløym å dele…

paskeplakat-nettversjon

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *