Van Gogh Alive på Hadeland Glassverk
I pinsehelga besøkte eg Hadeland Glassverk og såg utstillinga Van Gogh Alive.
Måleria vart levande, som tittelen på utstillinga seier.
Ved hjelp av prosjektorar, store lerret og vakker musikk fekk ein kjensla av å gå inne i måleriet, heilt inn til minste penselstrøk og ut att til heile måleriet.
Det vart kombinert med korte tekstar på lerretet om livet og karrieren til Van Gogh og sitat frå dei talrike breva han skreiv.
I periodar levde han svært isolert og kommuniserte gjennom brev. I heile sitt liv selde han berre eit måleri, då samtida ikkje aksepterte hans nyskapande måte å måla på.
Måleria hans er svært uttrykksfulle, og viser mykje av hans eigne sinnsstemningar, frå dei ljose og harmoniske til dei meir mørke og plaga sidene.
Skrevet av:
Oddbjørg Vestrheim
Heimasida mi: http://www.vestrheimspaintings.com/
Fylg meg på Instagram: https://www.instagram.com/oddbjorgvestrheim/