Månadens medlem i oktober
er
Bente Møn
Ho har røter på Voss og flytta til vossabygda no i vår. På loftet i farmorhuset har ho funne seg tilrette og skapt seg eit rom for sin kreativitet.
Bente vart medlem i kunstvandring Voss, sommaren 2018
Bente er utdanna tannpleiar og i formgjevingsfag.
Heilt sidan ho var liten har ho teikna og malt. Kjartan ( grandonkelen) og svigerinna hennar, har vore til stor innspirasjon.
Utdanninga i formgjevingsfag tok ho ved:
På Knarvik vidaregande skule, gjekk ho grunnkurs i formgjeving
VK1 Teikning form og farge tok ho på Voss Husflidskule
VK2 ved Knarvik vidaregåande skule.
Ho maler ekspresjonistiske bilder, men er og nyfiken på andre teknikkar som akvarell.
Bente har og testa ut skapargleda i leire.
Å male store maleri ligg hjarta hennar nært. Det kan du no få høve til å sjå på 19.
Saman med grandonkel Kjartan Møen, skal ho ha utstillinga, «Transformasjon» dei to siste vekene i oktober.
Som månadens medlem vert Bente presentert i eine vindauget på 19, under denne utstillinga.
Tidlegare utstillingar som Bente har delteke på er:
Fellesutstilling på Galleri Alversund
Separatutstilling på Brattehaule Gård og Kommunehuset på Radøy
I tillegg til utdanninga si i formgjevingsfag, har ho delteke på helgekurs i kunstterapi v/ Hardanger kunstskule og fleire nettbaserte malekurs.
I Bente sine maleri kan du spegle deg sjølv i tunge og gode dager.
Velkommen til utstillinga, Transfomasjon, 11-20 oktober
Andre stader der du finn Bente sine maleri:
Instagram: monbenteart