– den nye og gamle tida møtes

 

Den nye tida ja, om ein har begynt å dra på åra sidan den fyk avgårde, skal vera usakt, men brått er det tid for montering av utstillinga «Tradisjon i ny drakt» og opningsdagen nærmar seg med raske steg.

Alle kjenner nok litt på stress med å få alt klart  og døgnet har for få timar. Det er nok likt for Voss herad og som skal organisere heradsfesten den helga. «Bryllup» mellom Voss og Granvin til ny stor kommune. Det er vedig kjekt at utstillinga vår er teken ut til å vera eit av arrangementa som vert arrangert i regi av Heradsfesten 2020.

 

Heradsutstillinga opnar fredag 28 februar kl 17 i Voss Kulturhus. 

Åshild Haugsbø, medlem i Kunstvandring Voss og Voss kunstlag, er med på Heradsutstillinga. https://haugsbo.no/

 

Det vert ei ny tid for mange dette året og då er det særs kjekt å bidra med kunst og handverk til gleda for mange.  Eit lite pusterom i kvardagen med ein tur på utstillinga «Tradisjon i ny drakt». Det er kaffi og te på kanna nede i utstillingslokalet vårt om du har lyst på ein kaffitår medan du kikkar på kunst og handverk i ny drakt. Det er utstillarane som har vakt under utstillinga så ta gjerne ein prat med oss om inspirasjonen frå kulturarven vår.

 

Utstillinga «Tradisjon i ny drakt» opnar laurdag 29 februar kl 12.00 i 19. Uttrågata 19, Voss

Utstillingslokaler i to etasjar

 

 

– den nye tida favnar om kunst og handverk frå 9 utstillarar innan:

keramikk, glas, glasperler, søljer, ornamentikk/måleri, handstrikk i kopartråd og hardangersaum.

 

 

 

 

Per Nornes

Per er vossing, fødd og  oppvaksen på Dyrvedalen. Busett på Lofthus i Hardanger, der han  har keramikkverkstad og utsal.

Per har utdanninga si frå Norsk Kunsthandverksskule på Voss, tok sveinebrev der i 1962 etter 2 års utdanning som smed. Seinare har han utdanna han seg til lærar i kunst og handverk og har undervist på  Hardanger Folkehøgskule i over 40 år.

Den største inspirasjonskjelda i alt arbeid med keramikk har han frå lærarkjeldene frå Kunsthandverksskulen: Oddmund Sandvik, Olav Dolve og Jørgen Kildal, med røter tilbake til Magnus Dagestad og Lars Kinsarvik.  Drage-stilen/formspråket i keramikken og den svarte fargen er  frå tida på «Kunsten»

Dei vakre fargane i hardangernaturen er kjeldene til kvit, blå og grønfargane. Epleblomen, Folgefonna, fjord og himmel og dei grøne liene frå fjord til fjell.

Per starta  keramikkverkstad i 1981 på Lofthus.  Ein verkstad som har vorte utvida fleire gonger, der det no er verkstad og utsal.

Keramikken er høgbrent ved 1300 grader.   Han modellerer, dreiar og bruker plateteknikk, i steingods og porselen. Alt er laga frå botnen av  i godkvalitet både fargar og leire, 2 typar steingods og 1 i porselen.

I pinsen 2020 finn du Per sin keramikk for sal  på Bergslitræet i Prestegardsmoen.  Dekala (trykk)  på koppar og fat med motiv av munkane til Nils Bergslien.

Medlem i Handverkarbrua og Kunstvandring Voss.

http://www.hardangerkeramikk.no/

 

 

Anne Hesvik

Frå Lofthus, busett i Strandvik i Fusa, der har ho bustad og atelier i det gamle bedehuset.

 

Hennar arbeid som kunstnar byggjer på dei klassiske malingstradisjonane.
Inspirert av dei gamle europeiske og norske meistrane arbeider ho som kolorist, «der fargar er tonar,
ornamentikken den tause tale, og kjærleik for tradisjon er det bærande i hennar formspråk» Med ornamentikken formidlar ho  vidareføringa av rosemålinga i eigne utrykk og måleri.

Anne vektlegg kvalitet, blandar fargane frå botnen av, og bruker ekte bladgull i sine kunstnariske utrykk.

Utdanninga hennar har eit stort spenn frå skule, læretid og eigne studiar.

 

Ho har hatt mange separat – og fellesutstillingar, samt utsmykkingsoppdrag  https://www.hesvik.no/vitaliste/ og motteke fleire prisar.

Anne har fleire gonger undervist på  Vesterheim- Norwegian- American  Museum og utdanningssenter i  Decorah , Iowa, USA.

 

Anne er medlem i Harding Puls.

https://www.hesvik.no/
https://www.facebook.com/Anne-Hesvik-Kunstnar-279039922151924/

Instagram:

 

Anneli Engeland

Det er ikkje berre vossingen Knut Rokne som har sett spor etter seg i Amerika.

På Vesterheim- Norwegian- American – Museum og utdanningssenter i  Decorah , Iowa, USA. Har mellom anna  også Anneli undervist i treskjering sommaren 2019.

Anneli er frå Dale og busett på Nadlane på Voss.

Ho har sveinebrev som treskjerar i tillegg lærarutdanna i yrkesfag med vekt på kunst og handverk. Anneli underviste i treskjering i Hjerleid på Dovre i 6 år.

Ho har alltid hatt eigen treskjerarverkstad og store oppdrag til utsmykkingar som mellom anna dørportalen på Ullensvang hotell på Lofthus, og til OL på Lillehammer var utsmykkinga, ei 9 meter høg søyle i dragestil.

 

For tida er det mest private oppdrag ho har frå verkstaden sin på Nadlane, der ho driv Engeland Treskjerarverkstad.

Medlem i Handverkarbrua og Kunstvandring Voss

https://www.kunstvandringvoss.com/blogg/vare-medlemmers-sider/anneliengeland/

 

Silje Syse

Fødd og oppvaksen i Ulvik i Hardanger, busett på garden heime på Syse.

Silje har  glasblåsarverkstaden sin i Handelslaget på Brakanes i sentrum av Ulvik.

Ho byrja i lære  hjå Stine Hoff Kunstglas i Bergen i 2006, og sommaren 2015 vart draumen om eige glashytte endeleg realisert.

Inspirasjon til handverket sitt hentar ho frå ein storslått natur i Hardanger og i lokal kultur og historie. Alt ho lagar vert produsert av smelta glas som ho bles, formar og graverer slik ho ynskjer, eller på oppdrag frå kundar.

Kvart enkelt produkt er laga for hand. Det ho lagar skal ikkje gøymast i skåp, men brukast og visast fram. Redesign er og ein del av Silje sitt arbeid, øl- og vinflasker vert til glas og karaflarNokre gonger i året arrangerer ho kuleblåsing der du kan blåse di eige glaskula.

Silje tek og i mot oppdrag til eigne personlege glas.

Ho er blitt kjend for sine glas med motiv frå hardangersaumen som inspirasjon. No kan  du og få kjøpt lampar med same motiv og åttebladroser.

 

 

Silje er medlem i Norwegian Made og  Kunstvandring Voss

https://syseglas.no/
https://www.facebook.com/syse.glas/

Instagram: syseglas

 

Britt Bakken

Er frå Valdres, busett i Rogne i Øystre Slidre, der ho dreiv gardsbruk  i tillegg til keramikk fram til for nokre år sidan då ho slutta som mjølkeprodusent etter 14 års drift.

Britt er utdanna ved høgskulen i Akershus, 3 år på lina for formgjeving og produksjonsdesign.

Etter at ho slutta som mjølkebonde har Britt brukt tida si på keramikkverkstaden sin på garden i Rogne.

Inspirasjonen til keramikken får ho frå kulturarven sin med tema «Min Kulturarv». Valdres er rik på tradisjonar innan bunad og saum. Bestemora sitt gamle vaffeljern frå stølen står hjarta hennar nært og har blitt ein del av hennar keramikk og design.

 

Ho er oppteken av å vise sin kulturarv på sin måte, i sitt materiale, slik at det kan vera ein bidragsytar til å oppretthalde interessa for gamle handverk.

 

Britt har motteke pris frå Norsk Designråd og Norske Industridesignere  for sin design

 

Medlem i Husflidshåndverkerne  og Norwegian Made.

https://www.facebook.com/Britt-Bakkens-keramikk-1499297193658286/
Instagram: #brittbakkenskeramikk

 

Lise Nilsen

Lise er født i Finnmark og snakkar telemarking etter oppveksten der, trass i å ha budd 40 år på Voss, der ho i 20 år har arbeid i reklamebransjen

Lise er utdanna sølvsmed, dekoratør og etter mange kurs med internasjonale kjende kunstnarar og Vossaskulen, ein  habil akvarellmalar. Ho er og lidenskapeleg oppteken av blomster og natur

Som perlemakar «griller» ho perler i glas på open flamme, lampwork, ein mange tusen år gammalt teknikk. Ho lager porselen- og keramikkperler. Kulturarven har Lise frå si sylvsmedutdanning i bunadssylv, vikingtida og deira utsmykking og dekor.

Lise er ei oppkome av idear og mange kunstuttrykk vert presentert med Lise si skapartrong. Ei energibombe som multitasker mange prosjekt og går legge seg når andre  står opp.

Om sommaren finn du henne i Vikinglandsbyen i Gudvangen.

 

Medlem i Husflidshåndverkerne og Kunstvandring Voss

https://trollsmed.wordpress.com/

https://www.facebook.com/trollsmeden/

Instagram: trollsmeden

 

Evelyn Lillestøl Hauso:

Evelyn er bergensar som har budd på Voss i mange år.

I tillegg til mange kurs har ho 6 års kunstutdanning, derav 3 år på Kunsthøgskolen i Bergen, linje for tekstil. Frå ho var ferdig utdanna i 2002 har ho vore med på mange utstillingar, både i Noreg, i alle dei Nordiske landa, og på Manhattan i New York.

Evelyn er allsidig med teikning, maleri og fotografi, men mest handstrikkar ho skulpturelle einingar i lakkert kopartråd.

Ho testar ut eigenskapane til dei ymse trådane: styrke/svakheit, mjukheit/stivheit. Gløden i kopartråden og gjennomskinneligheiten som oppstår i verka fascinerer ho, og skuggane vert ofte ei vesentleg del av heilskapen. Kva er objekt, kva er skugge? Lyssetting er difor viktig. Formata er frå heilt små til mange meter, både 2- og 3-dimensjonale, og både abstrakte og naturalistiske.

Etter å ha hatt atelier i Kjedlaren i Ungdomshallen på Voss nokre år, er ho no på Magasinet på Tvildemoen, Voss.

Evelyn er oppteken av tradisjon, og tar ofte utgangspunkt i gamle handarbeidsteknikkar, gamlebilete, osb., for så å uttrykke dette på nye måtar.

 

Medl. Av Norske Billedkunstnere (NBK), Norske Tekstilkunstnere (NTK), Bildende kunstneres foreining Hordaland (BKFH) og Kunstvandring Voss

Instagram: kobberkunst

 

 

May Britt Øydvin

Frå Ulvik, busett på Voss.

Utdanna aktivitør ved Voss husflidskule. 1 år grunnfag i saum, teikning, form og farge i 1991, deretter 2 år på aktivitørlina Tok fagbrev som aktivitør i 1995 og jobba i det yrket fram til 2006.  Kreativitet har alltid vore ein del av hennar arbeid og utrykk. Både i maleri og stikking, og no i dei seinare åra hardangersaum.

 

Inspirert av åttebladrosa si  lange og fasinerande historie i vår kulturarv, vert den omskapt i nye fargar og utrykk.

Ho syr  åttebladroser i hardangersaum i ulike storleikar til trykk på akvarellark, i maleri og til installasjon på vegg.

Under opninga av utstillinga «Tradisjon i ny drakt» vert det avduking av Noregs største handsydde  åttebladrose, designa og sydd av May Britt .

 

Andre større prosjekt med hardangersaum er design og saum av alterduken i Ulvik Kyrkje.

 

 

 

Medlem i  Norwegian Made og Kunstvandring Voss.

http://www.mayasart.net/
https://www.facebook.com/kreativmaling/

Instagram: kreativemaya

Siri Ø. Kvalfoss

Frå Odda, busett i Tyssedal.

Siri er utdanna gullsmed og har sveinebrev i faget.

Som kreative sjel så gav ikkje det tradisjonelle gullsmedfaget nok utfordringar til ho.

På leit etter si uttrykksform i faget førte vegen ho til Firenze og Alchimia Contemporary Jewellery School.

Der var det ein heilt anna måte å utrykka seg i arbeidet, og friheit til å bruka det materialet ein ynskte. Gleda med å arbeide på denne måten gjev friheit og rom for kreativitet. No lagar Siri  kunstverk ein kan smykka seg med.

 

 

Med ein kombinasjon av tradisjonell gullsmedarbeid, reparasjonar og kreativitet med omarbeiding, redesign og kunstverk trivest ho i faget sitt. Og skaper nytt av det som andre kallar «skrot».

 

Medlem i Harding Puls og Norwegian Made.

http://www.sirikvalfoss.com/

https://www.facebook.com/sirismykkedesign/

instagram: sirikvalfossjewellery

Hjartleg velkomen til utstillinga og opninga 29 februar kl 12.

Utstillinga vert frå 29 februar til 13 april.

Ope torsdagar: 11-19, fredagar-laurdagar 11-15 og søndagar 13-17.

 

Blogg av May Britt Øydvin

http://www.mayasart.net/

https://www.facebook.com/kreativmaling/

https://www.facebook.com/strikkegnomer/

Instagram: kreativemaya og strikkegnomer

 

Hjartleg takk til

 

 

One thought on “– den nye og gamle tida møtes

Legg igjen en kommentar til Evapia R. Dugstad Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *