Kunstvandring på Voss pinsen 2020

Nyhende frå Kunstvandring Voss.

Den store kunst og kulturvandringa for Indre Vestland med opne verkstader, atelier og galleri vert no arrangert annakvart år. Om du er ein kunstnar eller kunsthandverkar kan du allereie no tenke på om du ynskjer å delta i pinsen 2021. Fylg med for meir oppdatert informasjon etter kvart

Kunst- og kulturvandring pinsen 2020

Velkomen til kunst- og kulturvandring i Voss herad pinsen 30. mai – 1. juni. Opne atelier, galleri og andre kulturarrangement. Kva kan du oppleve på Voss i år? Jo, eit mangfald innan kunst og kultur.

29. mai

  • Opnar sommarutstillinga på 19, med fellesutstillinga av medlemmar i Kunstvandring Voss og andre inviterte

Laurdag 30. mai

  • Fleisher`s hotell inviterer til omvising på hotellet med middag etter omvisinga. Hotellet har mange kunstskattar og eit stort utval med Knag møblar. Christopher Knag er med under omvisinga.
  • Open utstilling på 19
  • Bergslitræet, Gjesteutstillar i år er Dinah Varberg Sabri. Andre utstillarar er Per Nornes, Kjell Hernes og Turid Nygård. Sal av kaffi og kaker
  • (Taxibua open utstilling: Lise Nilsen)
  • Frispo, ope atelier: Åshild Haugsbø
  • Magasinet: opne atelier hjå Kjartan Møen og Evelyn Lillestøl Hauso
  • Flatekvål: ope utstilling hjå Evapia Ryberg Dugstad
  • Haugsvik, Vossestrand, utstilling hjå Solfrid Lexau

Sundag 31. mai

  • Open dag på Hedleberget med foredrag, omvising, utstillingar, konsert på ute sena, aktivitetar for born og kultursti. Sal kaffi og kaker
  • Fleisher`shotell inviterer til omvising på hotellet med middag etter omvisinga. Hotellet han mange kunstskattar og eit stort utval med Knag møblar. Christopher Knag
  • Open utstilling på 19
  • Bergslitræet, gjesteutstillar: Dinah Varberg Sabri. Andre utstillarar er Per Nornes, Kjell Hernes og Turid Nygård. Sal av kaffi og kaker
  • (Taxibua: open utstilling: Lise Nilsen )
  • Frispo, ope atelier: Åshild Haugsbø
  • Magasinet: opne atelier hjå Kjartan Møen og Evelyn Lillestøl Hauso
  • Flatekvål: ope utstilling hjå Evapia Ryberg Dugstad
  • Haugsvik, Vossestrand, ope utstilling hjå Solfrid Lexau

Måndag 01. juni

  • Open utstilling på 19
  • Ope på Bergslitræet
  • Flatekvål: open utstilling hjå Evapia Ryberg Dugstad
  • Haugsvik: open utstilling hjå Solfrid Lexau

Lista over dei ulike stasjonane med utstillingar, opningstider og arrangement vert oppdatert etter kvart.

Er dette noko for deg?

Tykkjer du dette er spennande, bur du på Voss og kan tenke deg å stille ut eller har eit anna arrangement som kan vera aktuelt i pinsen, så har du framleis høve til å melde deg på.

Frist for påmelding er 30. mars til post@kunstvandringvoss.com Legg ved informasjon, opningstider, nokre bilete. Deltakaravgift kr 400,-

Om du ikkje har lagt planar for pinsen, er du velkomen til ei triveleg helg på Voss med kunst og kultur.

Gjekk du glipp av den fyrste store Kunstvandringa i pinsen 2019 med stasjonar i Vaksdal, Stamnes, Voss, Ulvik og Aurland? Sjå her: