Vossapaletten malekafe – åpent for alle!

HER er julegåva vår til bygda!

Kunstvandringa på Voss gir deg:

VossaPaletten malekafe, andre måndag i månaden i 19. Kl. 19.

Mange maleglade vossinger i alle aldrar har ønskt seg ein maleklubb i bygda.

Kunstvandringa på Voss kjem her med ei gåve som fremmar skaparevna og kreativiteten!

Ein måndag i månaden møtest alle som liker å måla og samstundes vera

litt sosiale, til treff i underetasjen, Uttrågata 19 klokka 19.

 

Alle er velkomne!

Ta med deg paletten og kostane, akvarellskrinet eller måleriet, fargestiftar, eller pasteller, staffeli om du treng. Gjer som du vil, berre du vil teikne og måle! OG ein kopp til kaffi.

Uansett alder, bakgrunn, ung som gammal, kom og kos dekan med teikning, måling og bli inspirert av kvarandre.

Ikkje noko plikt. Inga medlemsavgift eller styre. Berre triveleg.

Er de allerede ei målegruppe? KOM! Og hugs at det er og moglet å leiga 19 til å stille ut for di gruppe.

Betalinga er kroner 50,- per gong som går til husleiga og kaffi.

Fyrste dag: Måndag 13. januar kl. 19 – Saman ryddar vi opp etter oss.

Kunstvandringa Voss har felleslokale i Uttrågata 19 med omlag 25 stolar, fleire bord, og papirdukar.

Send ein e-post til: vossapaletten@kunstvandringvoss.com

eller meld di interessa på vår Facebook sida https://www.facebook.com/kunstvandringvoss/

Me diskuterar sjøvsagt det praktiske og vidare utvikling medan me målar.

HER er arrangementssida med datoer:  https://www.facebook.com/events/1163543733835258/

Kjem du? Håpar det.

Vi gler oss!

 

 

Helsing

for Kunstvandringa på Voss

Lise

Alle våre medlem kan blogge eller lage aktivitetar.

Link til Lises side her på Kunstvandringa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *