Vigdis Jordal


Vigdis Jordal

Foredragshaldar, Historieforteljar, Konferansier

Hei, eg er Vigdis, farmasøyten som blandar magiske ord til engasjerande forteljingar.  Eg står på mange ulike scenar og deler kunsten, kunnskapen og erfaringen med korleis bruke historieforteljing som fagleg formidling og inspirerande livsvisdom.

Eg er kjent for å vera  ein engasjert, kraftfull og profesjonell formidlar med personleg nærvær, noko som gir ei god stemning og låge skuldrer. Med humor, poesi og menneskeleg varme skaper eg ein ekstra kunstnarisk dimensjon på arrangement. Eg likar godt å vera konferansier, der eg koblar foredragshaldarar, tema og publikum saman på ein fengande og karismatiske måte. Alltid med skreddarsydde tekstar.

Som foredragshaldar inspirerer og motiverer eg til arbeidsglede, mot, mestring, endring og god bedriftskultur.

Foto: Jan-Egil Dyvik, avisa Hordaland

«Vigdis var programleiar for opninga av Kunstvandring Voss og opninga av utstillinga Ericsson Gehrken Visuelle Samtaler, to dagar på rad. Ho er energisk og god. Framfører fine sjølvskrivne tekstar til kvart arrangement. Her er det ikkje berre å ta noko gamalt. Fine, tankefulle men og morosame dikt. Det vart to flotte arrangement. Vigdis er flink og tilstades» Arne Hjeltnes, Privat

 

-Det har gått så fort, det var så mykje meir eg skulle ha gjort og no er det siste dagen, siste frist for innlevering av gode gjerninger og innkassering av fine gevinster
om eg kunne ha panta og trykt på Røde Kors knappen eller levert ubrukte dagar til gjenbruk
om det kunne ha vore slik at andre og gjerne dei einsame kunne fått verdifull svunnen tid som returprovisjon
ein slags omvendt kalender der tida kan brukast på vranga og den ikkje måtte skynda seg framover i ein fart på seksti minutt i timen
spara på smil, omtanke og sjokoladeplater som framleis er innpakka for det har hopa seg opp, fine ting blir oversett i mengden, slukt av alt som hastar
for snart er det nytt år med nye dager som kan brukast slik du vil at andre skal vera mot deg
det er deg det gjeld, så pakk roleg opp time for time, del raust
ljost nyttår i vente-⭐️ ( tekst Vigdis Jordal) 

Ta kontakt med meg for eit engasjerande samarbeid. 

Gler meg til å høyra frå deg!

Mine nettadresser:
https://hjertebank.com/ Vigdis@hjertebank.com
https://www.facebook.com/vigdis.jordal

https://www.facebook.com/HjertebankVijo/

Profil på Talerlisten: https://talerlisten.no/profil/vigdis-jordal/
https://www.instagram.com/vigdis_hjertebank/
Talerlisten https://www.linkedin.com/in/vigdis-jordal-1030a630/