Bjørn Dommarsnes

Bjørn Dommarsnes

Om meg

Eg er vossing. Har ingen kunstfagleg utdanning/kursing, men har plukka det eg har trengt frå bøker om teknikkar, samtalar og diskusjonar og utstillingar. Har måla sidan 1998. Pastell og akryl. Eg har måla for og til meg sjølv stort sett. Eg har ikkje stilt ut  for salg profesjonelt. Mykje av det eg har selt/gjeve bort har gått til kollegaer og vener på jobben, eller i bygda Gol.

No som eg er pensjonist og har kome attende til Voss for godt, vil eg gjerne arbeida vidare med bilete, og kanskje utvikla/finna nye teknikkar. Eg skal innrømma at eg likar best å finna på ting/teknikkar sjølv, og ikkje vera bunden av anna enn det eg sjølv finn artig. No for tida er det akvarell på store flak som er artig, men eg endar nok opp på lerret att med akryl og vatn.

Det har vore kjekt å koma i kontakt med målarmiljøet på Voss. På Gol var eg ikkje med på noko slikt.  Sidan eg har dårleg med plass for måling i heimen, håpar eg å få plass på Magasinet.

 

KVAR FINN DU MEG:

  • Målar i kjellaren på Nedre Flatekvål 36. Send melding om du vil stikka innom ( 41506814)
  • Eg kan ta oppdrag innenfor akryl landskap (store lerret – f.eks. 70×100 cm). IKKJE fotografisk attgjeve:-)
  • Eg har ikkje bilete til leige gjennom Kunstvandringa enno.
  • Eg har ikkje eigen nettbutikk på http://
  • Eg er med i 19, Kunstvandringa sitt galleri og butikk

 


Mail:

bdommars@gmail.com
Bjørn Dommarsnes
bdommars