Åshild Haugsbø

 Åshild Haugsbø

 Biletkunstnar

www.haugsbo.no

epost: ashild@haugsbo.no

Atelier i FRISPO, Tvildesvegen 16 B

Ta gjerne kontakt om du ynskjer å besøkje atelieret.

Tematikken i bileta mine varierer frå år til år, men former, fargar, tekstur og linjer frå naturen er alltid ei kjelde til inspirasjon. Eg er også glad i å fotografere og prøver å fange augeblikka som fascinerer, både i møte med naturen og med menneske.

 

Foto blir brukt både som eiga kunstform og som inspirasjon for måleriet. Måleria blir til gjennom ein langsom prosess. Eg brukar akrylmåling, ofte i flytande lag som treng lang tørketid, og silketrykk. Lag på lag.

 

Bileta her er frå utstillinga SKILDRINGAR, som var å sjå i 19 hausten 2019.                                                                                      


 

 

 


 

  • Atelier i FRISPO, Tvildesvegen 16 B, 5705 Voss
  • Postadresse: Uttrågata 14, 5700 Voss
  • Mob 481 40 167

 

Mine nettadresser:
http://www.haugsbo.no ashild@haugsbo.no