Oddbjørg Vestrheim: Måndagsmålarane 45 år !

  Måndagsmålarane er ein måleklubb som har møtst annankvar måndag som namnet seier, i Kinsarvik i 45 år samanhengande. Kvar sommar har me salsutstilling på Hotel Ullensvang.
Sundag 7. juli hadde me opning, med tale av tidlegare filmregissør, kunstmålar og kurshaldar Renè Bjerke.
Amalie Kinsarvik Tvilde stod for musikalsk innslag på toradaren sin.
Me stiller ut 99 verk, men fleire var allereie selde kvelden før opninga!
Faste medlemer er Britt-Helen Stuholm, Rigmor Bang, Judit Anita Børve, Oddbjørg Vestrheim, Eli T. Utne Lillevik og Marta Szewczak.
Gjesteutstillarar er Mustafa Al Bayati, Renè Bjerke, Ragnhild Aarvik og Hans Olav Aarvik.
Utstillinga er ope kvar dag kl. 10.00-21.00 fram til og med 28.juli (siste dag kl. 10.00-17.00).
Det er fritt tilgjenge.
Dersom du ynskjer å kjøpa eit verk, tek du anten kontakt med resepsjonen, eller så er ein av Måndagsmålarane til stades og kan hjelpa deg.
Velkomen!
Foto: Olav Dolve Afdal og Johannes H. Sekse

Skrevet av:

Oddbjørg Vestrheim

Heimasida mi: http://www.vestrheimspaintings.com/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *