Oddbjørg Vestrheim: Van Gogh Alive på Hadeland Glassverk

Van Gogh Alive på Hadeland Glassverk

I pinsehelga besøkte eg Hadeland Glassverk og såg utstillinga Van Gogh Alive.

Måleria vart levande, som tittelen på utstillinga seier.

Ved hjelp av prosjektorar, store lerret og vakker musikk fekk ein kjensla av å gå inne i måleriet, heilt inn til minste penselstrøk og ut att til heile måleriet.

 

Det vart kombinert med korte tekstar på lerretet om livet og karrieren til Van Gogh og sitat frå dei talrike breva han skreiv.

I periodar levde han svært isolert og kommuniserte gjennom brev. I heile sitt liv selde han berre eit måleri, då samtida ikkje aksepterte hans nyskapande måte å måla på.

 

Måleria hans er svært uttrykksfulle, og viser mykje av hans eigne sinnsstemningar, frå dei ljose og harmoniske til dei meir mørke og plaga sidene.

 

Dette er ein flott og annleis utstilling, som eg vil tilrå på det varmaste!
Foto: Oddbjørg Vestrheim
Utstillinga står til 18.august.

 

Skrevet av:

Oddbjørg Vestrheim

Heimasida mi: http://www.vestrheimspaintings.com/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *