Månadens utstillar

Framover skal kunstvandringa presentere månadens medlem med bilde tekst, samt presentasjonsutstilling i eine vindauget på 19.

 

 

Aasa B. Schjerven Roald, er Kunstvandringa si fyrste medlem ut.

Ho er utdanna blomsterdekoratør og har dreve Vaksdal blomster og gravferdsbyrå  i 20 år.

Aasa er også utdanna som Gyldenlærmakar og har laga mange stolar og bilder i denne kunstforma.

 

 

Ho har malt i mange år og har mange kurs i ulike kunstformer.  Teikning, akvarell og oljemaling.

Ho har malt akt, figurativt, portrett, abstrakt og collage.

Aasa har hatt fleire utstillingar med collage. Ho lager også ein del collage-bilder til dikt som er skreve av ei veninne.

Dei siste åra har Aasa malt saman med andre i ei malegruppe på Vaksdal, der dei har hatt kunstnaren, Jarl Hugo Ljåstad som mentor.

Kikker du i vindauget på 19, så ser du den vakre gyldenlærstolen og oljemaleriet hennar, utstilt som månadens utstillar, ho har og mange collage-bilder og oljemaleri, utstilt nede på 19, no under sommarutstillinga, som varer til 22 september.

Etter at sommarutstillinga er ferdig i Galleri 19,  skal ho saman med mentor og  tre av medlemanne i  malegruppa si ha utstilling på Galleri 19 i to veker.

( sjå lenke )

Høstutstilling, Vaksdal

 

For Kunstvandring Voss: May Britt Øydvin

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *