Månadens utstillar i April

«Jeg, velger meg, April», sa Bjørnstjerne Bjørnson, og jammen gjorde ikkje eg og det.

Som månadens kunstnar, tykkjer eg april er ein vakker månad. Lysare dagar og nytt liv gror fram i lier og hagar, litt som meg. Ligg i dvale nokre gonger og sprett fram att som hestehoven på dei utrulegaste plassar.

Eg er fødd på Stord og budde der til eg var 10 år før me flytta til Ulvik. I vaksen alder var eg i 9 år på Sandane, før eg flytta attende til Ulvik og dei siste 6 åra har eg budd på Voss.

Kreativ har eg alltid vore med strikk, saum og teikning. Den fyrste genseren stikka eg då eg var 11 år, med heile to fletter framme som mønster, gul var den og. Så ein kan trykt sei at mitt karriereval i si tid på Vatles handelskulen var heilt feil.  Men med mitt motto,  at «ingen ting er umogleg, det tek berre litt lenger tid» (Seljeset) så tok eg aktivitørutdanning med grunnfag, saum, teikning form og farge,  i vaksen alder. I 95 tok eg fagbrev og har hatt to kull med aktivitørlærlingar.

Å ikkje være kreativ er eit heilt uaktuelt tema for meg. Skapargleda med fargerike sprell med akrylmaling, foto, strikk og hardangersaum er heile meg. Nokre gonger blir det eit resultat eg trivest med og andre gonger så er det å male over, slette bilde, rekke opp eller begynne på ny saum.

Dei siste åra har eg begynt med å sy åttebladroser i hardangersaum som eg bruker til trykk eller i maleri og har starta opp med design av ei stor hardangersaum rose som vert ca 130×130. Tar det tid? Ja. Kjedeleg? Nei. Hadde eg tykt at ting var uoverkommeleg så hadde eg ikkje designa og sydd alterduken i hardangersaum til Ulvik kyrkje

 Når eg strå fast i ein prosess så tar eg fram strikkepinnane, det er mitt kvilearbeid, medan «problemet» løyser seg. Og kva kom til under eit av kvilearbeida, jo ein strikkegnom. Som igjen vart til fleire fargerike variantar av strikkegnomar.

Av og til under ein prosess eller når ein får ein ide, så kan ein føle seg små sprø. Ting flyt lett og ideane haglar.  Så set ein då i etterkant og lure på kva det var som skjedde, kvar blei energien av? Er det då ein skal begynne med nupereller? Vel ikkje av meg, eg har nok av ting på mi liste som ikkje er blitt fullført, men skapartrongen treng og ein pause og nyte angen av vår og sjå lauvet sprett.

 

No gleder er meg til utstillinga «Sjelemøte» saman med Grethe Toppe Thunold

Velkommen til utstillinga som opnar 4 april og varer fram til 14 apr

https://www.facebook.com/events/623743038049104/

 

Skapargleda mi fin du på

www.mayasart.net

Fb: Kreativmaling, foto, saum og strikk

Fb: Strikkegnomer

Instagram: kreativemaya

Instagram: strikkegnomer

 

One thought on “Månadens utstillar i April

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *