LIKE FØR EI UTSTILLING

 

Eit besøk på atelieret like før ei utstilling kan by på utfordringar,

for det ligg og står bilete over alt!

Fleire av dei manglar endå dei siste forløysande strøka,

merkeleg dette, at bileta ikkje fell på plass før i siste liten!

Rektoren min på KIB sa alltid at det var viktig å nytte den spesielle intensiteten

som ofte kjem dei siste dagane, eg er einig, det funkar akkurat no!

Sko og golv har nesten same farge som bileta,

så i dag passar det dårleg med ope atelier,

men gjett om me gler oss til å ynskje dykk velkomne til utstillinga vår,

SKILDRINGAR, som opnar 10. 10. kl 19.

Då vonar me at alt er på stell!

 

 

Eg brukar akrylmåling i alle bileta mine, men blandar ulike teknikkar.

Synes det kan vera spennande med flytande lag som formar seg litt utanfor min kontroll.

 Ulike motiv blir laga i silketrykk, og så er kunsten å få alle lag og trykk til å fungere saman. 

Det er ein tidkrevande prosess med dataarbeid, mørkerom, belysning, trykk, handmåling og tørketider. 

Starten går ofte som ein leik, men sluttføringa kan vera eit slit.

Arbeidet vekslar mellom stor glede og stor frustrasjon.

Det er ikkje alltid lett å få det slik ein vil,

likevel kjenner eg meg heldig som får halde på med dette.

Heldigvis skal eg ikkje ha utstilling åleine.

Etter eit besøk hjå Synneva og Evelyn kjenner eg at gleda sildrar fram,

dei hadde mykje fint på lager, så dette blir nok bra!

Då står det berre att å ynskje dykk alle hjarteleg velkomne til

UTSTILLINGSOPNING torsdag 10. 10. kl 19.

Stikk gjerne innom fleire gonger, utstillinga står til og med 2. november.

OPE: onsdag – laurdag kl 11 – 16, torsdagar langope til kl 19.

GALLERI 19, Uttrågata 19

Kunstvandringa på Voss sitt eige galleri.

 

Beste helsing Åshild Haugsbø

www.haugsbo.no

 

Med

Synneva Skintveit og Evelyn Lillestøl Hauso

 

 

 

 

One thought on “LIKE FØR EI UTSTILLING

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *