Kunst og handverksmarknad

Velkomen til kunst og handverks marknad i 19, Uttrågata 19. Voss,

har du lyst å vera med som utstillar?

 

Helgene i november og dei fyrste helgene i desember vert det marknad nede i galleriet på 19.

Marknaden er ope fredag kl 11-19. laurdag kl 10-15 og sundag kl 12-16 med 8 stands kvar helg.

 

Ledige helger: 

6-8 november    13-15 november              20-22 november              27-29  november

4-6 desember     11-13 desember.

 

 

Stand leige kr 1000,-  for ei helg. Du kan og tinge fleire helger.  Leiger du standplass i helger som er etter kvarandre treng du ikkje pakke ned varene dine. Dei står trykt til du kjem att neste helg.  Me legg vekt på mangfald og kvalitet.

 

Det er høve å rigge til standen din torsdagar frå kl 18.00 – 20.00 og fredag frå kl 09.00.

Alt må vera klart til marknaden opnar og ein kan ikkje pakke ned før marknadslutt søndag kl 16.00

 

 

Det vert servert kaffi og te til utstillarane.

 

Er dette noko for deg og du ynskjer å delta kan du sende søknad, til  kunstvandringvoss@gmail.com    merk søknaden med  Marknad 19
NB: siste frist for påmelding om det er ledig plass  28 august.

Det er mange som ynskjer plass så det er lurt å vera tidleg ute.

Om du får tildelt plass er påmelinga bindande og du betaler inn depositum kr 500,- til vipps: 566876  merk  marknad 19, depositum.  Resten av standleige vert betalt før marknaden opnar.  Depositum vert ikkje refundert om ein avbestiller plass etter bekrefta deltaking.

 

 

Påmeldings infomasjon:     

Kva helg du ynskjer, litt om deg og ditt handverk, nokre bilde av dine produkt, kontakt informasjon lenke til nettside. Fb og instagram om du har.

 

Inkludert i stand leige får du eit bord og 2 stolar. 8 stands kvar helg (kanskje fleire, avhengig av kva utstillarane har for sal) Det er høve til å henge på vegg.  KV har og nokre Kallax hyller som kan brukast. Ta med ekstra bord og hyller om du treng det.

 

Utstillarane vert marknadsført på Kunstvandring Voss sine sider på FB, instagram. www.kunstvandringvoss.com.  og  i eige arrangement på FB i regi av Kunstvandring Voss.

 

Ta gjerne kontakt for meir informasjon

Kari Anne: mobil 908 80 316      https://www.facebook.com/VossaSkadle/

May Britt: mobil 994 41 589  https://www.facebook.com/strikkegnomer/

http://www.mayasart.net/81772106/category/1114218/strikkegnomer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *