Kari-Anne Lid Veka – månedens utvalgte medlem i Kunstvandringa på Voss

KARIANNE  har skadla for alle. (foto Jørn Lekve)

Ho har strikka so lenge ho kan hugsa.
Med ein jobb der ho er ei veke på vakt heile døgeret, har ho to veker
fri. I frivekene har Kari-Anne Lid Veka ikkje lege på sofaen. Ho har
strikka i eitt sett. Etter at ho stifta verksemda Vossaskadle i 2012, har
etterspurnaden teke av.
– No ser det veldig ljost ut. Eg har stor tru på at stadig fleire vil ha heimestrikka plagg, seier Kari-Anne Lid Veka.

Frå bustaden sin i Gullfjordungsvegen har ho strålande utsyn ned til Vangsvatnet og vakre Voss. Ho har nett starta med to veker fri, etter at ho har arbeidd ei veke
i sokalla medlevar-turnus. Ho er utdanna hjelpepleiar og jobbar som miljøterapeut på Styve Gård på Minde i Bergen, der ho bur i lag med fire ungdomar med særskilde vanskar og trong for individuell oppfylgjing. Då er ho på vakt heile døgeret. 24 timar. Dei fleste ville nok pusta ut, tatt seg heilt fri i den perioden dei har fri. Men Kari-Anne Lid Veka strikkar, som ho har gjort heile
livet. Mor hennar strikka for både Husfliden og Dale Fabrikker. Etter kvart fekk fleire lyst på produkt frå Kari-Anne og ho byrja å strikka plagg på oppdrag frå vener og
kjende.

Starta verksemda i 2012 etter stor privat pågang

– Etterspurnaden auka so mykje at eg måtte få arbeidet organisert i ordna former. I 2012 etablerte eg eit einskildpersonføretak og starta opp ei facebook-side, der
kundane kunne tinga strikkeprodukt. Dei siste åra har etterspurnaden auka meir og meir, og eg ser ljost på framtida. Eg lagar ulike heimastrikka og hekla huer, skjerf,
sjal, vottar, tøfler og så bortetter, alt det som kundane vil ha.

Dette er bestselgarane: (foto Jørn Lekve)

Alle produkt bør ha handvask. Eg kan strikka i ulike storleikar og endra fargar og detaljar på modellane, om kundane ynskjer det. Alle ull-huer er med fleecefôr, slik at dei ikkje klør, seier Kari-Anne.

I dei vekene ho ikkje er på jobb i Bergen, reiser ho rundt på messer og festivalar kringom i Hordaland og sel produkta sine. I tillegg har ho nett opna butikk i bustaden sin i Gullfjordungsvegen, der kundane kan kjøpa produkta hennar direkte.
Det er panneband og deretter huer som er dei mest populære strikkeprodukta hennar.
– Eg må nok rekna med ein arbeidsdag på åtte timar på å gjera ferdig ei hue og eit panneband, so det ligg mykje arbeid bak, men det er jo det eg set pris på! Eg tykkjer det er utruleg kjekt å strikka! At det òg kan gje ekstrainntekt, er jo berre ein bonus, seier Kari-Anne Lid Veka.

 

Dreiv gard i 26 år på Bulken
Ho og mannen, Jan Erik Veka, dreiv garden Bø på Bulken i 26 år. Dei har to gutar som overtok gardane Bø og Veka på Bulken då Kari-Anne Lid Veka og Jan Erik Veka flytta til Voss sentrum. Jan Erik fekk seg jobb i Nordsjøen, medan Kari-Anne starta i jobben i Bergen.
– Eg trivst veldig godt på Voss og nyttar den vakre naturen her mykje. Det vert mange fjellturar og når snøen kjem, er det både nedover- og bortetterski som
gjeld. Og dessutan skjer det alltid so mykje her. Me har det me treng, Voss er ein flott stad å bu og ei fin bygd å leva i, seier Kari-Anne.

Viktig med ein lokal bank
Ho meiner at det er viktig for Voss at ein har lokale
bankar som kjenner folket. Ho har vore kunde i Voss Sparebank sidan ho vart konfirmert.

– For meg har det aldri vore aktuelt å prøva ut andre banker. Eg set stor pris på den svært personlege servicen og den hyggjelege omgangstonen. Dei stiller opp. Eit godt døme var då eg ei helg skulle delta på messe og selja produkt. Eg hadde ikkje fått betalingsterminal, men det fiksa banken i ein fei. Heile familien min har vore kundar i banken so lenge eg kan hugsa, og for meg er det ikkje noko alternativ til Voss Sparebank, seier Kari-Anne.

Denne artikkelen ble først lansert i Sparebanken Voss si 175års bok.

Kunstvandringa er glade for å ha med Kari-Anne på laget!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *