Det skjer på sjølvaste skotårsdagen.

 

Etter halvanna års planlegging,  nærmar tida seg no  for opning av utstillinga

 

 

Ei spennande og variert utstilling med hjarte for tradisjonar og handverk i samspel med nye design og form. Utstillarane har stor variasjon innanfor sine fagfelt og kjem frå Ulvik, Voss, Strandvik, Lofthus, Odda og Øystre Slidre i Valdres. Om spennvidda geografisk er stor, vert utstillinga samla med kunsthandverk innan keramikk, glas, lampwork/glasperler, måleri med ornamentikk, handstrikk i kopartråd, trearbeid og hardangersaum.

 

Me er så heldige at Tradisjon i ny drakt er tatt ut til å vera eit av arrangementa i samband med heradsfesten til nye Voss Herad og det er med stor gleda me opnar utstillinga i helga under heradsfesten.

 

På sjølvaste skotårsdagen 29. februar opnar utstillinga kl 12.00,  leia av

 

Vigdis Jordal:

Ein engasjert, kraftfull og profesjonell formidlar. Hennar nære og personlege nærvær gir ei umiddelbar god stemning og låge skuldrer. Med humor, poesi og menneskeleg varme skaper ho ein ekstra kunstnarisk dimensjon på ulike scenar og arrangement. Vigdis er kjent som «farmasøyten» som blandar magiske ord til engasjerande forteljingar.

Vigdis er styremedlem i Sivlelaget. Du finn ho på Talerlisten og som medlem i Kunstvandring Voss.  Vigdis sto ved roret  då den fyrste Kunstvandringa i indre Vestland vart offisielt opna i pinsen 2019. Ho leia og vernissasjen til gjesteutstillinga under KV,  Visuelle Samtaler med Ericsson & Gehrken.

 

 

https://talerlisten.no/profil/vigdis-jordal

https://www.facebook.com/HjertebankVijo

https://www.kunstvandringvoss.com/blogg/vare-medlemmers-sider/vigdisjordal

 

 

Vigdis skal saman med, Guro Katharina Helwig Vikør, avduke Noregs største handsydde åttebladrose i hardangersaum under opninga.

 

Guro Katharina  er fødd og oppvaksen i Ulvik.

 

Ho har hatt sitt arbeidsfelt i utanrikstenesta ved den Norske Ambassade, konsul, fyrstesekretær og general konsul  i Texas, Washington, Miami.   Ambassadør i Slovenia 2008 -2011 og Ambassadør i Bulgaria 2012 – 2016.

Dei siste åra som yrkesaktiv jobba Guro som Seniorrådgjevar ved Seksjon for humanitære spørsmål i FN-avdelinga,  Utanriksdepartementet fram til 2019

Guro er svært engasjert i likestilling og kvinnerettigheiter, som og har vore ein del av arbeidet hennar i FN-seksjonen i Utanriksdepartementet.

 

Ho har motteke utmerkingane:

Riddar av den Kongelege norske fortenesteorden, aug. 2000

 Kommandør av den Kongelege norske fortenesteorden, aug. 2009

Trass lang fartstid i utlandet er Guro levande oppteken av tradisjonar og å ta vare på kunst og handverk.  Når Guro opnar kofferten etter sine turar utanriks finn ein ofte flott handverk lokalprodusert på staden ho har vitja. Visste du at på landsbygda i Bulgaria set det kvinner og syr hardangersaum?

 

Under opninga har Vigdis også med seg:

 

«Kvitanesen»  ordsmeden frå Ulvik, Torbjørn Ljones.

 

Forfattar som skriv så levande at ein kan sitje att med bilde på netthinna ein har vanskar med å bli kvitt. Tradisjonsberar for  levande forteljing om både ukjende og kjende hendingar frå bygda. Atletiske stunt, gamle stinkande vadmålsbrøker, bygdekjenningar og andre farande fantar. Om sommaren finn du han roande langs Hardangerfjorden saman med sonen, Andreas. Brått er dei på eit bygdehus nær deg med munnleg og musikalske innslag. Torbjørn har vore rektor ved Lillehammer vidaregåande skule i mange år.

 Kvitanesen har gjeve ut to bøker med forteljingane sine.

 

Torbjørn er medlem i Kunstvandring  Voss

https://www.facebook.com/Kvitanesen/

https://www.kunstvandringvoss.com/blogg/vare-medlemmers-sider/torbjornljones/

 

 

Men inga utstilling er komplett utan musikalske innslag.

 

Alexander Olavson Røynstrand:

Ny innbyggar i Voss Herad,  busett nede ved den «nye»fjorden til  heradet.

 

Ein anerkjend spelemann som tryllar med hardingfela. Alexander liker godt å «kjenne» litt på stemninga og maleria når han er invitert til spele på slike arrangement. Ut i frå det vel han kva låt han skal fylle lokalet med.

Vinnar av Spel Hardingfele klasse A og Kongepokal under Landskappleiken i Kinsarvik 2019.

Foto: Knut Utler

 

 

Det er like spennande kvar gong ein lager til ei utstilling, men no er det alvor og om ikkje anna så er programmet for  opninga så å seie klar og de har mykje å gleda Dykk til.

 

Lurer du på om utstillarane er blitt gløymde, så uroa deg ikkje. Det kjem snart i eit eige blogginnlegg om dei,  så fylg med.

 

Velkomen til utstillinga Tradisjon i ny drakt.

 

Fylg med på:

https://www.facebook.com/events/764118183999356

https://www.facebook.com/kunstvandringvoss/

Instagram: kunstvandring voss

 

Blogg innlegg av May Britt Øydvin

https://www.facebook.com/kreativmaling/

http://www.mayasart.net/

https://www.facebook.com/strikkegnomer/

Instagram: Kreativemaya og Strikkegnomer.

 

Tusen takk for stønad til utstillinga:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *