I den søte førjolstid

Med hjarte for handlaga, har kunst og handverkarar på Voss og omland og ei travel tid.

På Glød i Vangsgata har det blitt laga julekuleøyredobber.

I Aurland, hjå Rein glas og i Ulvik hjå Syse glas gløder smelte ovnane. Nisseskåler, englar og nisseglas er nylaga og klare til jolefeiring.

På Magasinet og i Frisbo er atelier opne,

og midt på Vangen i 19, Uttrågata 19 er den nye jolebutikken i open, der 10 av medlemmane i Kunstvandringa har sine varer.

Frå ein ide, inspirasjon, har vegen vore lang.

Råmateriale har blitt handla inn, teknikkar har blitt testa ut, endringar har blitt gjort.

Etter mange timar med glede og frustrasjon, set ein der med eit ferdig resultat.

Sjølvsakt legg vi inn eit ekstra gir no i joletida.

Gleda over å syne fram det vi har skapt er stor, etter ei lang reise frå ide til ferdig resultat.

Vi kan ikkje konkurrere på pris med store butikkjeder som har masseproduserte varer,

heller ikkje e-bay

Vi vel å satse kvalitet med kunst og handverk som varer i fleire år.

Handlaga jolegåver finn du hjå oss.

Tips til gåver jolegåver, bryllaup og andre jubilantar.

Kva med eit gåvekort? der dei kan handle hjå medlemmar i kunstvandringa.

Kunst på veggen.

Blåse eigne glaskuler hjå Syse glas, fin gåve til brudeparet til minne om dagen, til utdrikkningslag, eller jubilantar.

Sjå at ditt favorittglas eller vase vert laga i Aurland.

Vinflaska frå eit hyggeleg lag vert til glasperler i eit armband eller sette saman glasperler til eige smykke.

Male ditt eige maleri, eller saman med andre i eit felles maleri,

eks bryllupsgjester er med å male på lerretet, også tips til utdrikkningslag, runde dagar, til ein familiefest med fellesaktivitet.

Nokre av medlemmane maler på bestilling.

Unike klær som er laga på Voss

Kanskje kan du få lage eit spesielt smykke eller ring hjå ein av sølvsmedane i Kunstvandringa

Ei strikke/hekle hue med eige motiv eller navn.

Velkomen innom nr 19, på opne verkstader og atelier rundt om i Vossa regionen for å sjå meir av det vi har, no i joletida og ellers heile året.

God førjolstid og takk for at du handlar lokalt

Når jolestria er over, så er ikkje skapargleda vår det.

Nye idear og nye verk vert laga heile året.

Helsing

May Britt

Ps Kjenner du at dette er noko for deg eller kjenner nokon som kan vera aktuelle som medlem i kunstvandringa? Styret skal ha møte over nyårshelga og kan vurdere søknader då. Me ynskjer oss fleire medlemmer.

Då kan dei ta kontakt på post@kunstvandringvoss.no

Følg oss på FB: Kunstvandring Voss og www.kunstvandringvoss.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *