Ut fra Båsen! Flamenco, poesi og song i 19

Sundag 8.oktober er det klart for to framsyningar av «Ut av båsen», med dans, tekst, song og musikk i Uttrågata 19 på Voss.

Det er i høve utstillinga» Våre husdyr» til husdyrfotograf Vera Gjersøe, og det var den som tente ideen om ei framsyning med bileta hennar som kulisser.

Det blir ein spanande blanding av flamenco&dans med Miriam Kleppe, opera, song&musikk ved Ingrid Langen Fjose og forteljing& lyrikk ved Vigdis Jordal. Alt framført med varme, kraft og humor. Dei viktige møtene mellom natur, dyr og menneske er gjennomgangtema.

Avisa Hordaland laurdag:

Karl Ystanes i avisa Hordaland skriv blant anna:

«No er det overgangen frå Per Sivle til flamencoen som skal terpast på. Vigdis resiterer med liv og lyst, let armane flyga som frie vengjer, ser deg djupt inn i hjartet, og så, med eitt set Miriam Kleppe foten ned, bokstaveleg tala, med ein smell.

Flamencodansaren let hælane slå i parketten, lyfter litt på det svarte skjørtet og let føtene gå som trommestikker saman med kastanjettane som strekkjer seg mot taket. Tryggleiken hennar smittar. Det brusar.

   – Me kallar framsyninga «Ut av båsen», og tittelen speler på at identiteten vår vert forma gjennom møte med andre, og me har så godt av å tre ut av båsen, og kjenna kva som skjer når me opnar oss opp i møte med andre, seier Vigdis, medan Ingrid Langen Fjose varmar opp operastemma.»

Det blir to framsyningar, klokka 15:00 og klokka 18:00.

Billettar kan kjøpar hjå gullsmedverkstad Glød i Vangsgata, nr.19 og i døra. Billettpris kroner 150,-.

Hjarteleg velkomen!

 

Helsing Vigdis Jordal,

medlem i Kunstvandringa på Voss

LINKAR:

Arrangementside på Facebook:

https://www.facebook.com/events/347846415668455/?hc_location=ufi

Sida vår:

https://www.facebook.com/kunstvandringvoss/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *